søndag 17. oktober 2010
Video
Frukt er temaet for biblioteket vårt i veke 43, derfor denne snutten her først, det er vel naturleg i eplebygda.
Ikkje alle har hjelpetekstane på norsk. På engelsk heiter innbygg "embed".
Eg berre limte inn det kopierte innhaldet frå embed-rubrikken, og publiserte, gjekk ikkje via rediger HTML.
Dvs, eg har funne at det er lurt å trykkje to ganger enter før eg limer inn ting, og så gå opp ei linje, før eg limer inn. Då er det alltid mulig å skrive noko over eller under. Enkelte gonger elles kan det bli problem med å skrive, om film eller bilde tek all plass.
You tube er vanleg å bruka for å dela filmsnuttar, enten det er noko ein har laga sjølv, eller ein leitar opp ein sang ein likar og deler med vener.
Klart det kan vera noko å bruka for bibliotek også. Men så spørst det på kapasiteten, då. Det er så mykje å setja seg inn i.
Men klart at ein kan bruka barnebokomtale pr videosnutt. Så det blir vel det neste i facebookspalten vår, eg skal berre sjekka denne boka i samlinga vår først:
Elles prøvde eg å læra meg litt om moviemaker sist måndag, då eg vart med barnehagetilsette på kurs, der dei m.a. skulle læra å ta små filmar om naturen i lokalmiljøet. Problemet som då dukka opp, var at frå alle kamera vart det lasta opp filmar i .mov format - som ikkje kunne lesast inn i movemaker på pc-ane, og konverteringsprogram som eg lasta ned, påsto at formatet var vellykka konvertert - men ingen ting skjedde. På mac, som forelesar hadde, virka det ok. Er det nokon som har erfaringar med dette, så tek eg gjerne mot tips!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Nei, beklager, dette veit eg ikkje noko om. Men du kan prøve å "google" problemet, er heilt sikkert andre som har hatt same erfaringa.
SvarSlettKanskje du finn ei løysing her: http://www.geekstogo.com/forum/topic/75147-mov-files-in-windows-movie-maker/
Takk for tips, dette ser ved kjapp lesing ut til å kunna løysa problem (men konvertoren eg lasta ned såg også bra ut heilt til vi prøvde den...). No gjeld det å få tid til å prøva før eg gløymer det vesle eg fekk sett på kursdagen. Då vart eg mest gåande og hjelpa til som problemløysar og "Go for".
SvarSlett