- ha kontakt med venner og familie som bur andre stader i verda
- samarbeida med folk som har same interesseområde som du har
- samla opplysningar frå laust samanbundne grupper og gjera dei tilgjengelege for grupper eller ålmenta
- det du legg ut i ein samanheng, kan virka heilt annleis i ein annan, eller etter ei tid
- enkelte bryt seg gjennom dei stengsla du har sett opp rundt privatlivet ditt
- ein ikkje får oversikt over alt ein avtale om bruk inneber
- dei er ein tidstjuv. Du kan bli hekta, og brukar mykje meir tid på mediet enn du hadde tenkt - og kven veit kva du då brukar for lite tid på?
For meg har nettstader vore til nytte. Eg har brukt nettsamfunn for å finna opplysningar som eg har hatt nytte av før eg går inn i ein ny situasjon, gjer ei reise, osv. Eg har brukt nettstad som støtte- og oppmuntringsgruppe, og har sjølv vore moderator på eit slikt forum. Det siste krev ein del arbeid, men kan vera ein god stad å samarbeida og oppmuntra kvarandre for å oppnå endring eller hanskast med problem.
Det er viktig å bruka vit uansett om du har ein slags anonymitet, det kan vera at du kan oppsporast uansett.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar