mandag 15. november 2010

Oppsummering så langt

Prøver å tenkja gjennom kva eg har lært i løpet av kursrekkja. Ein del visste eg frå før, sånn omtrent, men eg har fått utdjupa ein del kunnskap, og funne ein del ny, og dessutan sett ting i samanheng.
Eg har fått vita om fleire gode måtar å presentera kunnskapen på, og har kunna tipsa vidare, også til folk som vanlegvis veit meir enn meg om ting som har med IT og data å gjera. Og er det noko ein bibliotekar likar, så er det å kunna dela nyttig og artig kunnskap.
Nokre nye metodar er tekne i bruk for biblioteket vårt. Eg kjem ikkje til å bruka alt vi har vore borti, i alle fall ikkje akkurat no. Men eg har eit betre grunnlag for å ta avgjerda om bruk eller ikkje bruk. Og det er også godt.
Det eg brukar mest akkurat no, er Facebook, som eg koblar til ulike andre kjelder. Om det vert slik i all framtid, er tvilsamt. Ein kan jo ikkje stivna i ei form, men denne forma kjennes fleksibel nok akkurat no.
Eg har lært både av samlingane, av leksjonane, oppgåvene, og av det eg har lese som dei andre på kurset har gjort.
Vi på vårt bibliotek må også sikra at det er ei felles oppgåve å halda nettkontakt med brukarane.
Det vert og lettare å ta kontakt med andre bibliotek etter kurset er ferdig.
Eg har tenkt å halda fram å utvikla meg på dette området. Det kjem sikkert de andre også til å gjera. Så kanskje vi kunne ta opp dette temaet på regionale bibliotekmøte neste haust? Så kan vi læra av kvarandre vidare. Som så mange andre område, så er IT eit område der ein som trur han er ferdig utlært ikkje utlært, men ferdig.
Så takk til Fylkesbiblioteket som sette i gang dette og inviterte oss med på tiltaket.

Wiki

Eg har lese om wiki, og eg har prøvd å leggja inn artikkel i Wikipedia. Eg la inn eit lite avsnitt om Skrivareiki, som eg henta fram etter eit kurs med Fylkesarkivet om "Digitalt fortalt". Eg vart litt overraska då innlegget dukka opp i tvilsam riksmålsvariant på Wikipedia, eg hadde trass alt skrive det på nynorsk, meint for den utgåva... Eg har kontakta han som oversette innlegget mitt, men på spørsmålet om "oversetjinga", får eg ikkje svar.
Så her kjem eg ikkje til å leggja inn meir utan eg har tid til å gjera det på ein kontrollert måte.
Eg har lagt inn ein bokomtale på smakavweb.

torsdag 11. november 2010

Å arbeide i nettsky? Nyttig, men kanskje ikkje heilt enkelt likevel...

Dette gjekk faktisk ikkje! eg prøvde no å visa dokumentet på bloggen ut frå rettleiinga i kurset, men det virka ikkje. Her må det granskast nærare. Dokumentet er åpna for alle, for lesing og redigering, men eg får det berre ikkje innlemma i bloggen.
test
Å laga lenke er greit. Men ikkje å setja dokumentet inn.
Eg ser at Mona har fått til å byggja inn dokumentet sitt i bloggen. Eg er invitert av henne, og kan lesa, men ikkje skriva i det dokumentet. Og akkurat slik var det meint - du styrer jo sjølv kven som får tilgang i dokumenta dine.
Nyttig er Nettsky uansett.
Privat: Slik startar dokumenta. Fint om du vil arbeide på same dokumentet frå ulike stader, ulike maskiner, og ikkje dreg på minnepinne.
Du kan utvida ved å gje tilgang til enkeltpersonar som du inviterer, og du bestemmer om du vil gje dei lese eller redigeringstilgang.
Alle med lenka er som eit hemmelg telefonnummer. Alle som har fått oppgitt lenka, kan lesa (og redigera om du vil det) i dokumentet. Som med eit hemmeleg telefonnummer, kan det henda at dei du har oppgitt det til, gjev det vidare til andre...
Offentleg på nettet kan du bruka om du vil at alle skal sjå det og bruka innhaldet som dei vil. Du kan framleis bestemma om dei skal kunna redigera innhaldet i dokumentet, eller berre ha lesetilgang.

Eg har no lese litt meir om dette i spørsmålsspaltene på googledocs, og finn at det er mange som brukar Firefox nettlesar som har problem. Problema treng heller ikkje vera "stabile", ein dag kan alt virka, neste dag kan berre delar fungera.

onsdag 10. november 2010

Å arbeida i Nettsky - google docs

Då har vi sett i gang testdokument i google docs. Eg starta eit lite eksperiment, og inviterte Ellen og Else. No har dokumentet fått tittel, Guri og Sidsel er invitert med, det blir sikkert fleire etter kvart! I starten er dette privat, men etter kvart vil vi også prøve å dele det på web.... gje melding i kommentarfeltet eller på gmail om du vil bli invitert!

Eg føl med når mannen min for tida brukar nettsky i jobbsamanheng. Han skal saman med 2 personar på andre stader i landet laga utkast til ein plan. Då er Nettsky ein god måte å samarbeida på.
Eg tenkjer meg å bruka Nettsky når vi over nyttår startar arbeidet med plan for arbeidet i Bridgekrinsen. Vi tek utgangspunkt i eit dokument laga av Krinsen i SørTrøndelag, og legg ulike oppgåver til styremedlemmene i høve til å erstatta dei trønderske opplysningane med lokale forhold. Så vil vi kunna sy saman eit lokalt dokument, med mindre arbeid enn om vi skulle ha starta heilt på skratsch.
Det vil sikkert vera situasjonar då dette vil vera aktuelt i biblioteksamanheng også.