mandag 15. november 2010

Oppsummering så langt

Prøver å tenkja gjennom kva eg har lært i løpet av kursrekkja. Ein del visste eg frå før, sånn omtrent, men eg har fått utdjupa ein del kunnskap, og funne ein del ny, og dessutan sett ting i samanheng.
Eg har fått vita om fleire gode måtar å presentera kunnskapen på, og har kunna tipsa vidare, også til folk som vanlegvis veit meir enn meg om ting som har med IT og data å gjera. Og er det noko ein bibliotekar likar, så er det å kunna dela nyttig og artig kunnskap.
Nokre nye metodar er tekne i bruk for biblioteket vårt. Eg kjem ikkje til å bruka alt vi har vore borti, i alle fall ikkje akkurat no. Men eg har eit betre grunnlag for å ta avgjerda om bruk eller ikkje bruk. Og det er også godt.
Det eg brukar mest akkurat no, er Facebook, som eg koblar til ulike andre kjelder. Om det vert slik i all framtid, er tvilsamt. Ein kan jo ikkje stivna i ei form, men denne forma kjennes fleksibel nok akkurat no.
Eg har lært både av samlingane, av leksjonane, oppgåvene, og av det eg har lese som dei andre på kurset har gjort.
Vi på vårt bibliotek må også sikra at det er ei felles oppgåve å halda nettkontakt med brukarane.
Det vert og lettare å ta kontakt med andre bibliotek etter kurset er ferdig.
Eg har tenkt å halda fram å utvikla meg på dette området. Det kjem sikkert de andre også til å gjera. Så kanskje vi kunne ta opp dette temaet på regionale bibliotekmøte neste haust? Så kan vi læra av kvarandre vidare. Som så mange andre område, så er IT eit område der ein som trur han er ferdig utlært ikkje utlært, men ferdig.
Så takk til Fylkesbiblioteket som sette i gang dette og inviterte oss med på tiltaket.

Wiki

Eg har lese om wiki, og eg har prøvd å leggja inn artikkel i Wikipedia. Eg la inn eit lite avsnitt om Skrivareiki, som eg henta fram etter eit kurs med Fylkesarkivet om "Digitalt fortalt". Eg vart litt overraska då innlegget dukka opp i tvilsam riksmålsvariant på Wikipedia, eg hadde trass alt skrive det på nynorsk, meint for den utgåva... Eg har kontakta han som oversette innlegget mitt, men på spørsmålet om "oversetjinga", får eg ikkje svar.
Så her kjem eg ikkje til å leggja inn meir utan eg har tid til å gjera det på ein kontrollert måte.
Eg har lagt inn ein bokomtale på smakavweb.

torsdag 11. november 2010

Å arbeide i nettsky? Nyttig, men kanskje ikkje heilt enkelt likevel...

Dette gjekk faktisk ikkje! eg prøvde no å visa dokumentet på bloggen ut frå rettleiinga i kurset, men det virka ikkje. Her må det granskast nærare. Dokumentet er åpna for alle, for lesing og redigering, men eg får det berre ikkje innlemma i bloggen.
test
Å laga lenke er greit. Men ikkje å setja dokumentet inn.
Eg ser at Mona har fått til å byggja inn dokumentet sitt i bloggen. Eg er invitert av henne, og kan lesa, men ikkje skriva i det dokumentet. Og akkurat slik var det meint - du styrer jo sjølv kven som får tilgang i dokumenta dine.
Nyttig er Nettsky uansett.
Privat: Slik startar dokumenta. Fint om du vil arbeide på same dokumentet frå ulike stader, ulike maskiner, og ikkje dreg på minnepinne.
Du kan utvida ved å gje tilgang til enkeltpersonar som du inviterer, og du bestemmer om du vil gje dei lese eller redigeringstilgang.
Alle med lenka er som eit hemmelg telefonnummer. Alle som har fått oppgitt lenka, kan lesa (og redigera om du vil det) i dokumentet. Som med eit hemmeleg telefonnummer, kan det henda at dei du har oppgitt det til, gjev det vidare til andre...
Offentleg på nettet kan du bruka om du vil at alle skal sjå det og bruka innhaldet som dei vil. Du kan framleis bestemma om dei skal kunna redigera innhaldet i dokumentet, eller berre ha lesetilgang.

Eg har no lese litt meir om dette i spørsmålsspaltene på googledocs, og finn at det er mange som brukar Firefox nettlesar som har problem. Problema treng heller ikkje vera "stabile", ein dag kan alt virka, neste dag kan berre delar fungera.

onsdag 10. november 2010

Å arbeida i Nettsky - google docs

Då har vi sett i gang testdokument i google docs. Eg starta eit lite eksperiment, og inviterte Ellen og Else. No har dokumentet fått tittel, Guri og Sidsel er invitert med, det blir sikkert fleire etter kvart! I starten er dette privat, men etter kvart vil vi også prøve å dele det på web.... gje melding i kommentarfeltet eller på gmail om du vil bli invitert!

Eg føl med når mannen min for tida brukar nettsky i jobbsamanheng. Han skal saman med 2 personar på andre stader i landet laga utkast til ein plan. Då er Nettsky ein god måte å samarbeida på.
Eg tenkjer meg å bruka Nettsky når vi over nyttår startar arbeidet med plan for arbeidet i Bridgekrinsen. Vi tek utgangspunkt i eit dokument laga av Krinsen i SørTrøndelag, og legg ulike oppgåver til styremedlemmene i høve til å erstatta dei trønderske opplysningane med lokale forhold. Så vil vi kunna sy saman eit lokalt dokument, med mindre arbeid enn om vi skulle ha starta heilt på skratsch.
Det vil sikkert vera situasjonar då dette vil vera aktuelt i biblioteksamanheng også.

onsdag 27. oktober 2010

Sosiale media for å skapa blest

Skal ein få merksemd, må ein nytta høvet når ein kan bli nevnt på sider som er mykje lesne.
Dette er sosiale media bra til.
Biblioteket vårt kan kanskje få litt ekstra merksemd i dag. Sogn Avis (2816 som "liker") spør på Facebook om det er nokon som har gode haustoppskrifter å dela, og eg nyttar høvet til å invitera dei inn til naboen (Leikanger Folkebibliotek) og sjå i perma vår der vi samlar inn oppskrifter med frukt som vi har fått inn frå lesarane våre.
Vi tek gjerne mot gode oppskrifter frå folk lenger unna også... ;)
Om vi får inn nok gode oppskrifter uten problem med copyright, skal vi laga eit hefte av dette.

torsdag 21. oktober 2010

Podcast

Det er ikkje berre omtale av bøker du kan finna som podcast, slik det finnest ein del av på bibliotek rundt om i landet.
Likar du lydbøker? På librivox.org kan du laste ned podcast kapittel for kapittel av lydbøker /podcast gratis. Høyrest det ut til å vera for godt til å vera sant? OK, bøkene er lesne av frivillige, og er frå før 1923, slik at dei er utanom copyright-systemet i USA, og dei bed deg sjekka ditt eige land sine retningslinjer sjølv... men bortsett frå det, er det faktisk muleg. Du kan abbonera via RSS-feed, så kapitla kjem deisande inn til deg, 3 g / veke.
Sjekk f.eks Edgar Allan Poe eller Jules Verne, der finnest mange tilgjengelege.
Podiobooks.com, pickthebrain.com og openculture.com har også gratis lydbøker av ulike typar i serieform, for abonnement som podcast, desse såg ved kjapt oversyn ut til å vera litt nyare.

Kor nyttig det med Podcast er for meg som bibliotekar, veit eg ikkje heilt. Ikkje så veldig akkurat no. Men verda endrar seg så fort, så kanskje dette blir spørsmål vi får? Eller svar vi kan gje før brukarane våre har tenkt på denne kanalen?
F.eks. commoncraft.com har mange fine videosnuttar som gjev forklaring på både det eine og det andre. Desse kan vera nyttige for lærarar som treng tips. Og nettopp der er vel første bruksområdet eg ser, i undervising. Podcast i undervisningen er ein artikkel som tek opp nokre idear i så måte.
For oss andre, blir det vel mest for å få med seg yndlingsradioprogrammet ein gjekk glipp av... inntil det dukkar opp ein ny vri som vi ikkje heilt har tenkt på.
Eller om vi gjekk glipp av ein av kursdagane i rekkje, så legg vel Fylkesbiblioteket dei ut som podcast saman med bloggen Ein smak av 2.0, så vi kan høyra og sjå alt som gjekk føre seg i introduksjonen til nye tema. Ikkje sant?

Kanskje eg sjølv kjem til å laga ein podcast for å prøva? Eg har i alle fall lasta ned Audiacity og merka meg bloggen eplekjex.

samling nr 2

I dag er det ny samling, kjekt å treffa att andre som bryner seg på liknande tema som det eg held på med.

Kursleiar oppsummerer, det er tydeleg at ho har lese det vi har prestert. Kjekt å bli sett!


Kjekt å diskutera fellesoppgåve saman med andre. dette kan vera nyttig, enten vi lagar ein slik blogg eller ikkje, tankane kan vi bruka i ulike samanhengar.

Ikkje fullt så kjekt at det var uråd å lesa det som sto på skjermen framme, eller vanskeleg å høyra kva som vart sagt. Men naboane fekk tak i mykje, så då får ein hjelp, likevel.



Og så er det å jobba vidare der vi er - eg hadde nok håpa på litt meir fellesarbeid. Uansett om eg har "kome lenger" enn dei fleste, så har eg lyst til å gå inn i stoffet på nytt, og få det grundigare belyst ved å høyra frå naboane kva utfordring / spørsmål/ ide som dukkar opp hos dei.





Enkelte kan sjå ut til å vera litt skeptisk, men tonen er veldig bra mellom kursdeltakarane...

mandag 18. oktober 2010

NRK skole

Eit nytt tilbod har dukka opp på nettet: Nrk skole.
Ved første augekast såg det bra ut, mange fine kategoriar, og innan litteratur var det ei lang namneliste over personar dei er innom.
Fybbloggen linkar til kompetansemålet bruke bibliotek og digitale informasjonskanaler på en målrettet måte, og det ser også bra ut i oversikten.
Då eg såg etter Science Fiction under litteratur, vart eg likevel skuffa. Det kan vera naturleg å ta med Bing og Bringsverd i ein større presentasjon av Science Fiction, her i Norge. Men å BERRE ha dei med, gjer at eg vart veldig skeptisk til opplegget. Eit par av filmsnuttane om forfattarar keik eg på, men dei var faktisk så kjedelege at eg ikkje såg dei ferdig.
Eg håpar dette var lite representativt, og skal sjå på fleire snuttar, særleg innan barnelitteratur.
Er det andre som har sett på dette, og vore heldigare enn meg?

søndag 17. oktober 2010

Bruk av sosiale media i det offentlege

http://www.difi.no/sosiale-medier/veileder-i-sosiale-medier er ein grundig (omstendeleg?) veiledar som handlar om offentlige organ sin bruk av sosiale media.

Les for barn!


Video


Frukt er temaet for biblioteket vårt i veke 43, derfor denne snutten her først, det er vel naturleg i eplebygda.

Ikkje alle har hjelpetekstane på norsk. På engelsk heiter innbygg "embed".
Eg berre limte inn det kopierte innhaldet frå embed-rubrikken, og publiserte, gjekk ikkje via rediger HTML.
Dvs, eg har funne at det er lurt å trykkje to ganger enter før eg limer inn ting, og så gå opp ei linje, før eg limer inn. Då er det alltid mulig å skrive noko over eller under. Enkelte gonger elles kan det bli problem med å skrive, om film eller bilde tek all plass.
You tube er vanleg å bruka for å dela filmsnuttar, enten det er noko ein har laga sjølv, eller ein leitar opp ein sang ein likar og deler med vener.
Klart det kan vera noko å bruka for bibliotek også. Men så spørst det på kapasiteten, då. Det er så mykje å setja seg inn i.
Men klart at ein kan bruka barnebokomtale pr videosnutt. Så det blir vel det neste i facebookspalten vår, eg skal berre sjekka denne boka i samlinga vår først:

Elles prøvde eg å læra meg litt om moviemaker sist måndag, då eg vart med barnehagetilsette på kurs, der dei m.a. skulle læra å ta små filmar om naturen i lokalmiljøet. Problemet som då dukka opp, var at frå alle kamera vart det lasta opp filmar i .mov format - som ikkje kunne lesast inn i movemaker på pc-ane, og konverteringsprogram som eg lasta ned, påsto at formatet var vellykka konvertert - men ingen ting skjedde. På mac, som forelesar hadde, virka det ok. Er det nokon som har erfaringar med dette, så tek eg gjerne mot tips!

"Flickr"


No har eg registrert meg på Flickr. Kan vera greit å vita om, om eg skal til med meir alvorleg fotografering, creative commons kan vera ein god ide. Men inntil vidare trur eg at eg klarer meg med Picasa, for min eigen del. Skal likevel sjå litt nærare på dette, i samband med jobben, om eit par veker.
Eg la inn eit bilde, og gjekk gjennom innstillingane for kontoen min, justerte litt her og der. Dette bildet kan no brukast "noncomercial".
Eg synest det er tungvint å måtta rigga meg til med endå ei ny epostadresse, det blir mange etterkvart.
Eg melde meg inn i gruppa Thailand Travel, og la bildet mitt inn i gruppa. Eg søkte på bibliotek, fann gruppa "Norske Folkebibliotek", men kunne nesten heller ha meldt meg inn i fanklubben til Per Ivar Somby.... Men det kjem vel fleire etter kvart, så ein får vel sjekka om igjen etter ei stund.
Under oversikten av grupper relatert til Norge, fann eg lenke til http://www.fotografiskolen.no/, den sida skal eg sjå nærare på seinare. Ein dag eg har god tid...?
Under commons søkte eg på books, og fann ein del fine bilde, som dette frå National Media Museum's photostream , som var merka med No known copyright restrictions.

tirsdag 12. oktober 2010

Meir om Facebook


Då er eg kome eit skritt lenger i Facebook-verda, og har gjort teorien om til bibliotekpraksis.

Leikanger Folkebibliotek er kome på facebook. Biblioteksjefen godkjende utkastet mitt i dag, det er kunngjort gjennom oppslag på biblioteket, og på kommunen sine heimesider i lag med influensavaksine og ledig barnehageplass. I tillegg har eg sendt epost til alle brukarar av kommunal epost, og sagt frå på Opplev Leikanger si facebookside. Og eg har fått to som liker sida alt, første dagen.

For at eg ikkje skal måtta sitja åleine med arbeidet med sida, har eg laga ein rutinebeskrivelse for korleis ein kjem seg inn på sida, og brukarnamn og passord til gmailkontoen eg oppretta. Eg trigga litt interesse hos ein medarbeidar ved å spele på hennar interesse for scrapbooking, kanskje ho kan laga eit par profilbilde vi kan skanna inn, og skifta litt etter ulike situasjonar eller tider på året. For tida brukar vi bildet av skiltet om at vi har ope.

onsdag 6. oktober 2010

"Twitter"

No har eg lese heile artikkelen om twitter, eg har sett over lista med twitrarar frå S&Fj, og kva dei har skrive dei siste 24t, eg har lese VG-tips om tvitring, og vore innom eit par andre lenker som sa noko om det same. Eg såg og på Fylkesbiblioteket si tvitring - som foregår så sjeldan at eg tek det som eit hint om kor nyttig dei finn det.
For å sitera ein tvitrar:
itforumsfj
"Det eksisterer eit eige norsk "We dont't need you" syndrom" #itf2010
og eg er nok rørt av dette syndromet.
Inntil vidare finn eg ikkje at dette er noko eg har bruk for korkje privat, i foreningslivet eller i jobben. Det twitter kunne ha gjort for meg, får eg gjort på anna vis, og det er ein fordel å ha relativt få hjelpemiddel å halda styr på.
Men eg held ope for at situasjonen kan endra seg, m.a. om brukarane på biblioteket signaliserer at dette er eit medium dei ynskjer å bli kontakta gjennom. Likevel: vi er ikkje der i dag.

tirsdag 5. oktober 2010

"Origo"

Eg har ikkje vore medlem av Origo før, berre vore innom av og til for å sjå korleis det har gått med vener som har brukt nettstaden i samband med konkurransar.
Tipset om å bruka Fjordaglimt ga eksempel på bibliotekarrangement. For oss frå Sogn er Sognatreff meir naturleg å ha som utgangspunkt - men her fann eg ingen ting om bibliotek i kalenderen.
Eg ser korleis det er muleg å bruka Origo også for biblioteket. Vi kan ha ei heimeside, vi kan ha ei Origo-tilknyting med kalender, og bruka levande utdrag frå Origo inn i heimesida (eller blogg?) , og samstundes få dette registrert hos lokalavisa. Skriv ein plass, bli sett på 3 plassar.
Eg kan tenkja meg at dette måtte vera noko, særleg om Opplev Leikanger melder seg inn i same lokalsone, og gjerne fleire innan kulturområdet. Då kunne vi til saman dekka godt kva som skjer innan kulturområdet i kommunen vår, og gjera det lett tilgjengeleg for lokalavisa å kunngjera det også.
Eit godt trekk var det at ein kan velgja språk, så ein kan få nynorsk på sidene sine. Det ser så rotete ut om ein skriv på nynorsk, og så har all info rundt på bokmål.
Om eg kjem til å bruka Origo for biblioteket, veit eg ikkje. Det spørst litt på folk rundt meg, og kva dei synest.
Men eg ser andre måtar å dra nytte av dette. For Bridgekrinsen (eller idrettslag osv) kan dette vera eit godt forum, med lukka forum for styret, ope for alle medlemmer, delt i våre tre soner: sør, nord og midt -evt for kvar enkelt klubb , og åpne kanalar til lokalavisene, enten det gjeld felles arrangement for krins eller sone, eller resultata frå den lokale bridgeklubben siste veke. http://polarsirkelbridge.origo.no/ viser korleis dei har gjort dette i Rana.

”Facebook”



Eg har hatt privat facebook-konto ei stund. Men eg lærte eit par nye ting, no når eg las gjennomgangen av Facebook i kurset.
Eg synest det er ein grei måte å halda kontakt med familie og vener på andre plassar på, då eg har flytta ein del, og har problem med å halda kontakten med alle dei kjekke folka eg har møtt.
Det er og ein grei måte å visa bilde til fleire kjenningar på ein gong.

Eg ser at det kan vera nyttig for eit bibliotek å ha facebookside, sidan ein kjapt kan leggja ut litt nytt, og fleire kan leggja ut. Dette utan at ein må gå gjennom ofte omstendelege prosedyrar for å få ut stoff på kommunen sine offisielle heimesider.
Men ein bør ikkje setja i gang slike sider om ein ikkje kan bruka den tida som trengst for å vedlikehalda og leggja ut litt stoff innimellom, t.d. 1g/veke kan vera passe. Om ikkje det kjem noko nyttig eller kjekt, så vil dei som startar å følgja sida, bli skuffa, og det ynskjer vi ikkje for brukarane våre.

søndag 3. oktober 2010

"Nettsamfunn"

Nettsamfunn er fine greier for å
  • ha kontakt med venner og familie som bur andre stader i verda
  • samarbeida med folk som har same interesseområde som du har
  • samla opplysningar frå laust samanbundne grupper og gjera dei tilgjengelege for grupper eller ålmenta
Nettsamfunn er skumle greier fordi
  • det du legg ut i ein samanheng, kan virka heilt annleis i ein annan, eller etter ei tid
  • enkelte bryt seg gjennom dei stengsla du har sett opp rundt privatlivet ditt
  • ein ikkje får oversikt over alt ein avtale om bruk inneber
  • dei er ein tidstjuv. Du kan bli hekta, og brukar mykje meir tid på mediet enn du hadde tenkt - og kven veit kva du då brukar for lite tid på?
Eg er ikkje så veldig bekymra for privatlivet eller konsekvensar nettbruk kan ha for arbeidslivet mitt, fordi eg er obs på faren, begrensar kva eg legg ut, kva nettstader eg brukar, og ikkje er av dei som har så mykje interessant å skjula... men eg ser at dette kan vera eit problem for ein del menneske.
For meg har nettstader vore til nytte. Eg har brukt nettsamfunn for å finna opplysningar som eg har hatt nytte av før eg går inn i ein ny situasjon, gjer ei reise, osv. Eg har brukt nettstad som støtte- og oppmuntringsgruppe, og har sjølv vore moderator på eit slikt forum. Det siste krev ein del arbeid, men kan vera ein god stad å samarbeida og oppmuntra kvarandre for å oppnå endring eller hanskast med problem.
Det er viktig å bruka vit uansett om du har ein slags anonymitet, det kan vera at du kan oppsporast uansett.





"Sosiale bokmerker"

Bokmerke er eg van med, men eg har ikkje brukt sosiale bokmerke. Dette gjekk då eit lite hakk vidare, og kan vera ekstra kjekt når eg jobbar med kurset mest heime, men av og til på jobb. Då vil det bli lettare å finna att favorittane mine om eg skifter maskin.
Eg så på både LibraryThing og delicious library ( http://www.delicious-monster.com/). Den siste var fristande sidan ein kan lesa av strekkodar med webcamera, men LibraryThing er vel den som er mest brukt (?). Og ved å gå litt nærare inn på LibraryThing, viser det seg at ein kan nytta strekkodelesar der og. Men kven har vel strekkodelesar heime? Det har snart vi! Ved hjelp av Gubben sin paypal-konto har vi nettopp bestilt ein strekkodelesar for 15 dollar + 5 i frakt. Dette er jo under tollgrensa også, så dermed skal det ikkje bli all verden.
No skal vi snart gå i gang med å leggja inn dei engelskspråklege bøkene, i alle fall. Dermed er det lettare å finna ut kva meir vi skal bestilla frå Amazon, så vi unngår duplikat, om ein forfattarar har skifta forlag og gjev ut ei bok på nytt med anna omslag eller mindre justeringar. JOHO!
Eg måtte melde meg som "Bokelsker" også - sidan eg alt er bokelskar.
Om det er andre som ser etter meg på LibraryThing, så heiter eg GunnAngelskr, sidan å-en blei borte.
For direkte bruk på biblioteket kan det tenkjast at ein på Bokelsker, LibraryThing osv sjekkar bokmeldingar, t.d., men indirekte ser eg endå meir nytte: ein kan tipsa bibliotebrukarane om desse stadene, dei har ofte samlingar heime i tillegg til det dei låner.

"Nyheitsstraumar og iGoogle"

Å abbonera på RSS kan vera nyttig etter kvart som ein får mange ein vil følgja. Men hittil har eg klart meg fint ved å leggja dei ulike sidene eg føl inn som bokmerke, og samla desse i kategoriar. Eg ser likevel klare fordelar med abbonnement etter kvart som sidene vert fleire. Eg har ein utfordring i å bestemma meg for layout på startsida til igoogle, så eg får med det eg vil ha, men ikkje så mykje på ein gong at det vert uoversiktleg. Her er og eit område der eg kjem til å prøva ulike løysingar undervegs, dette kan ikkje vera noko statisk.

Skype

Om nokon legg inn skype, og vil ha ein eller annan å prøva dette med, så heiter eg gunn.magni.angelskar i skype, men eg har hatt visse problem med å få det tekniske til å fungera saman, og har ikkje prøvd dette på ei stund.

"Direkte kommunikasjon"

Eg håpar at eg kan få kontakt med andre på kurset, så eg kan prøva ut dette med direkte kommunikasjon.
På jobb kan det vera skriftleg chat som høver best, det er ikkje alltid det passar å snakka høgt og tydeleg om ein har lånarar innom.
Men det er godt å ha fleire mulege alternativ.

Ny start!

Då startar eg på nytt. No brukar eg g-mailadressa mi, så det er enklare å bruka g-talk eller chatfunksjon.
Eg har lasta ned eige bilde for å bruka som bakgrunn - haust i Leikanger.
Eg legg inn lenker som kan vera av interesse for bibliotekfolk.
Eg har redigert bakgrunn så eg får plass til heile lenkeadressa.
Det ligg litt læring ved å prøva seg fram med dette.