torsdag 11. november 2010

Å arbeide i nettsky? Nyttig, men kanskje ikkje heilt enkelt likevel...

Dette gjekk faktisk ikkje! eg prøvde no å visa dokumentet på bloggen ut frå rettleiinga i kurset, men det virka ikkje. Her må det granskast nærare. Dokumentet er åpna for alle, for lesing og redigering, men eg får det berre ikkje innlemma i bloggen.
test
Å laga lenke er greit. Men ikkje å setja dokumentet inn.
Eg ser at Mona har fått til å byggja inn dokumentet sitt i bloggen. Eg er invitert av henne, og kan lesa, men ikkje skriva i det dokumentet. Og akkurat slik var det meint - du styrer jo sjølv kven som får tilgang i dokumenta dine.
Nyttig er Nettsky uansett.
Privat: Slik startar dokumenta. Fint om du vil arbeide på same dokumentet frå ulike stader, ulike maskiner, og ikkje dreg på minnepinne.
Du kan utvida ved å gje tilgang til enkeltpersonar som du inviterer, og du bestemmer om du vil gje dei lese eller redigeringstilgang.
Alle med lenka er som eit hemmelg telefonnummer. Alle som har fått oppgitt lenka, kan lesa (og redigera om du vil det) i dokumentet. Som med eit hemmeleg telefonnummer, kan det henda at dei du har oppgitt det til, gjev det vidare til andre...
Offentleg på nettet kan du bruka om du vil at alle skal sjå det og bruka innhaldet som dei vil. Du kan framleis bestemma om dei skal kunna redigera innhaldet i dokumentet, eller berre ha lesetilgang.

Eg har no lese litt meir om dette i spørsmålsspaltene på googledocs, og finn at det er mange som brukar Firefox nettlesar som har problem. Problema treng heller ikkje vera "stabile", ein dag kan alt virka, neste dag kan berre delar fungera.

5 kommentarer:

  1. Då har eg testa om det hjelper å skifta nettlesar (eller maskin), men heller ikkje i Internett explorer får eg dokumentet til å visast i eige vindauge, berre som lenke. Derfor ber eg om hjelp. Korleis gjer ein dette?

    SvarSlett
  2. Dette var merkeleg. Eg brukar Firefox og har ikkje problem i alle fall. Men for å prøve å skjønne kvar problemet er, kan du først svare på:

    Når du står i dokumentet i Google docs, finn du knappen del(trykk på den vesle pila) --> publiser på nett?

    Når du skal lime inn koden i blogginnlegget, står du inne i "Rediger HTML"-editoren (i staden for Skriv-editoren)?

    SvarSlett
  3. Eg ser no at ved å trykkje på del-knappen ( i staden for den vesle pila som gir en fleire val), så får ein berre opp lenkje til dokumentet, i staden for "innbygg kode". Skal korrigere oppskrifta i kursbloggen.

    SvarSlett
  4. Da fungerte det! Takk! Alltid kjekt å lære noko nytt! ;)

    SvarSlett